Çar. Nis 17th, 2024

Helse Stavanger har ikkje råd til å bygga ferdig det nye sjukehuset til nær 400.000 menneske. – Det hastar å endra måten me finansierer sjukehusbygg på, meiner SV.

Ein gong var målet å stenga dørene på det gamle sjukehuset på Våland i 2030.

Nå veit ingen kor tid det kan skje.

Årsaka er at sjukehuset ikkje har råd til å ta opp nok eit stort lån frå staten og samtidig finansiera drifta, altså behandlinga av pasientar.

For å finansiera det første byggetrinnet måtte Helse Stavanger låna over 8 milliardar kroner.

For å finansiera byggetrinn to, må dei truleg låna ytterlegare 11 milliardar kroner, fortel finansdirektøren.

Les meir på nrk.no